1. AVTALEPARTAR
Dette er ein avtale mellom
__________________________________________________________________
heretter kalla "UTSTILLAR"
og
Hardanger Trebåtfestival SA,
Postadresse: Gamle Dalaveg 3,
Festivaladresse: Kaien 10,
5600 Norheimsund,
Organisajsonsnr: No 980 374 610
e-post:
som teknisk arrangør
heretter kalla "ARRANGØR".
2. KVA AVTALEN GJELD
Avtalen gjeld tidsavgrensa leige av standplass i Norheimsund.
Trebåtfestivalen si målsetjing: Fremja trebåtar, tradisjonshandverk og husflid og å skapa ein fagleg og sosial møteplass for utøvarane samt ein hyggeleg marknadsplass for visning og sal av produkta.
Arrangøren har rett til å avvisa utstillarar som ikkje høver med målsetjinga.
3. LEIGEOBJEKT
Leigeobjektet er "stand" i avtalt storleik utan bord eller anna utstyr.
Standen kan omfatta ein eller fleire 3-meters teigar.
Utstillar får ved påmelding tilbod om å velja mellom ledige standplassar. Dersom dette ikkje vert gjort, tildeler arrangør standplass.
Uansett har arrangør rett til å flytta utstillarar, med endeleg verknad, dersom han finn det turvande for å få til ei heilskapleg utstiling.
4. TIDSROM
Standen står til utstillar sin disposisjon frå kvelden før marknaden kl 2100.
Standen må vera ferdig rigga til marknaden opnar.
Det er ikkje tillate å pakka ned stand før marknaden stengjer.
Trebåtfestival: Standen må vera ferdig rydda til sundag kl 1830 når gata opnar for offentleg trafikk.
Torgdag: Standen må vera ferdig rydda til laurdag kl 1700 når gata opnar for offentleg trafikk.
5. ANSVAR OG VAKTHALD
Utstillarane er ansvarlege for skader som vert påført bygningar, innreiingar, anlegg eller liknande. Utstillarane ordnar sjølve forsikring av sin stand og sine varer. Arrangør tek ikkje på seg ansvar for dei utstilte varene, utstyr eller tredje person sine eigneluter.
Det går brannvakt på området, men utstillar er sjølv ansvarleg for stand og varer.
6. LEIGEPRIS
Det vert vist til vilkår og prisar i den til ei kvar tid gjeldande prislista.
7. BRUK AV STANDPLASS
Leigeobjektet skal brukast til frambod av varer og tenester i tråd med marknaden si målsetjing.
Arrangøren har rett til å avvisa utstillarar som ikkje høver med målsetjinga.
8. TILGJENGE
All innkøyring til marknadsområdet må av tryggingsomsyn skje seinast 30 minuttar før marknaden opnar og tidlegast 30 minutt etter han er stengt.
9. OPPRYDDING
Før utstillar forlet marknadsområdet skal standen vera fri for bos, emballasje, dekorasjonar, spiker, fundament og alt anna som utstillar har hatt med seg.
10. KØYRETØY OG HENGJARAR
Bubilar, campingvogner e.l som ikkje er ein del av standen kan ikkje plasserast på området utan at det er booka plass, og er førehandsgodkjent frå arrangør.
11. AVLYSING
Arrangør har rett til å avlyse marknaden eller deler av denne dersom det oppstår spesielle situasjonar som gjer arrangementet vanskeleg å gjennomføra. Dersom avlysing i samsvar med dette punktet, fråskriv arrangør seg alt ansvar ovanfor utstillarar som fylgje av avlysinga. Arrangør skal så langt råd er, varsle utstillarar så snart som mogeleg om situasjonen som har oppstått dersom arrangementet må avlysast. Arrangør har ingen andre plikter en å betala attende utstillarane for innbetalt standleige.
12. UNDERSKRIFT
Utstillar og arrangør har ved godkjent søknad og betalt standleige og/eller frammøte på marknaden godteke vilkåra i denne avtalen.
Norheimsund, _________________
____________________________ ____________________________
for utstillar for arrangør