"Marknadsgata" er eit samarbeidsprosjekt mellom Norheimsund Fotballklubb, Norheimsund Næringslag og Hardanger Trebåtfestival SA om felles teknisk løysing for marknader i Norheimsund.
Hardanger Trebåtfestival SA er teknisk arrangør og tilretteleggjar.
Torgdagen vert arrangert av Norheimsund Fotballklubb på vegne av Norheimsund Næringslag.
Handverksmessa (Trebåtfestivalen) vert arrangert av Hardanger Trebåtfestival SA.
Standkart og søknadssystem er sams for begge.
Handverksmessa (Trebåtfestivalen) konsentrerer seg om tradisjonshandverk og husflid og ynskjer å skapa ein fagleg og sosial møteplass for utøvarane samt ein hyggeleg marknadsplass for visning og sal av produkta.
Gratis deltaking for trebåtar og non-profit handverkarar, rimeleg pris for profesjonelle aktørar.
Hardanger Trebåtfestival SA
Postadresse: Gamle Dalaveg 3
Festivaladresse: Kaien 10
5600 Norheimsund
Org nr No 980 374 610
Bankkonto: 3530.07.04679
www.trebaat.no