MARKNADSGATA
i Norheimsund - www.HVIN.no
  • Heim
    • Standkart handverksmessa 14.-15. juni 2025
    • Standkart torgdag 13. september 2025
    • Kvar er Norheimsund?
  • Påmelde utstillarar
  • Søknad
    • Søknad Handverksmessa / Trebåtfestival 14.-15. juni 2025
    • Påmelding Den Store Roen 2025
  • Vilkår
  • Prisliste
  • Bilete
  • Om oss
Torgdagen i Norheimsund Finding your local time... 88 Days

Siste artiklar

  • Den Store Roen
  • Trebåtfestival og Handverksmesse i Norheimsund 13.-15. juni 2025

Torgdag

  1. Du er her:  
  2. Hjem
  3. Formalia

Prisliste pr 01.02.2025

Detaljer
Publisert 04. februar 2025
Treff: 242
Breidde:

Alle standar er 3 meter breide.

Djupne:

Dei fleste standane er 3 meter djupe, men der det er plass er dei 5 meter djupe. Sjå kart!

Atterhald:
  • Utstillar må sjølv ta med bord, stolar, hyller og anna utstyr du treng på standen.
  • Utstillar må sjølv ta med skøyteledningar. Maks 20 meter til el-sentral.
  • Gratis deltaking for non-profit handverkarar etter søknad.
Betaling:
  • Stand vert fakturert ved påmelding.
  • Betalingsfrist 10 dagar.
  • Full refusjon ved avmelding seinast 14 dagar før arrangement.

Plassering: 

Stand-
breidde:

Pris:

Ute i friluft 3 meter    750,-
  6 meter 1.600,-
  9 meter 2.800,-
  12 meter 4.000,-
  15 meter 5.200,-
     
Inne i festivalteltet
(54x9 meter - sjå kart)
3 meter 1.000,-
  6 meter 1.800,-
  9 meter 3.200,-
     
Straum 10 Amp - 1-fas    200,-
  16 Amp - 1-fas    350,-
  16 Amp - 3-fas    400,-
  32 Amp - 3-fas    500,-
  63 Amp - 3-fas 1.000,-
     
Ferskvatn-tilkopling   gratis
     
Ekstra inngangsbillettar/utstillarband (2 stk band inkludert i leiga) Kr 100,- pr utstillarband

Vilkår

Detaljer
Publisert 04. februar 2025
Treff: 264

1. AVTALEPARTAR

Dette er ein avtale mellom 

__________________________________________________________________ 
heretter kalla "UTSTILLAR"

og 

Hardanger Trebåtfestival SA,
Postadresse: Gamle Dalaveg 3,
Festivaladresse: Kaien 10,
5600 Norheimsund,
Organisajsonsnr: No 980 374 610
e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

som teknisk arrangør 
heretter kalla "ARRANGØR".

2. KVA AVTALEN GJELD

Avtalen gjeld tidsavgrensa leige av standplass i Norheimsund.
Trebåtfestivalen si målsetjing: Fremja trebåtar, tradisjonshandverk og husflid og å skapa ein fagleg og sosial møteplass for utøvarane samt ein hyggeleg marknadsplass for visning og sal av produkta.
Arrangøren har rett til å avvisa utstillarar som ikkje høver med målsetjinga.

3. LEIGEOBJEKT

Leigeobjektet er
-"stand" i avtalt storleik utan bord, stolar eller anna utstyr (standen kan omfatta ein eller fleire 3-meters teigar),
-"utstillarband" 2 stk - tilgang til festivalområdet for to personar (fleire band kan kjøpast ref. prisliste).
Utstillar får ved påmelding tilbod om å velja mellom ledige standplassar. Dersom dette ikkje vert gjort, tildeler arrangør standplass. 
Uansett har arrangør rett til å flytta utstillarar, med endeleg verknad, dersom han finn det turvande for å få til ei heilskapleg utstiling.

4. TIDSROM

Standen står til utstillar sin disposisjon frå kvelden før marknaden kl 2100.
Standen må vera ferdig rigga til marknaden opnar.
Det er ikkje tillate å pakka ned stand før marknaden stengjer.
Trebåtfestival: Standen må vera ferdig rydda til sundag kl 1830 når gata opnar for offentleg trafikk.
Torgdag: Standen må vera ferdig rydda til laurdag kl 1700 når gata opnar for offentleg trafikk.

5. ANSVAR OG VAKTHALD

Utstillarane er ansvarlege for skader som vert påført bygningar, innreiingar, anlegg eller liknande. Utstillarane ordnar sjølve forsikring av sin stand og sine varer. Arrangør tek ikkje på seg ansvar for dei utstilte varene, utstyr eller tredje person sine eigneluter.
Det går brannvakt på området, men utstillar er sjølv ansvarleg for stand og varer.

6. LEIGEPRIS

Det vert vist til vilkår og prisar i den til ei kvar tid gjeldande prislista.

7. BRUK AV STANDPLASS

Leigeobjektet skal brukast til frambod av varer og tenester i tråd med marknaden si målsetjing.
Arrangøren har rett til å avvisa utstillarar som ikkje høver med målsetjinga.

8. TILGJENGE

All innkøyring til marknadsområdet må av tryggingsomsyn skje seinast 30 minuttar før marknaden opnar og tidlegast 30 minutt etter han er stengt.

9. OPPRYDDING 

Før utstillar forlet marknadsområdet skal standen vera fri for bos, emballasje, dekorasjonar, spiker, fundament og alt anna som utstillar har hatt med seg.

10. KØYRETØY OG HENGJARAR

Bubilar, campingvogner e.l som ikkje er ein del av standen kan ikkje plasserast på området utan at det er booka plass, og er førehandsgodkjent frå arrangør.

11. AVLYSING

Arrangør har rett til å avlyse marknaden eller deler av denne dersom det oppstår spesielle situasjonar som gjer arrangementet vanskeleg å gjennomføra. Dersom avlysing i samsvar med dette punktet, fråskriv arrangør seg alt ansvar ovanfor utstillarar som fylgje av avlysinga. Arrangør skal så langt råd er, varsle utstillarar så snart som mogeleg om situasjonen som har oppstått dersom arrangementet må avlysast. Arrangør har ingen andre plikter en å betala attende utstillarane for innbetalt standleige.

12. UNDERSKRIFT

Utstillar og arrangør har ved godkjent søknad og betalt standleige og/eller frammøte på marknaden godteke vilkåra i denne avtalen.

Norheimsund, _________________

 

____________________________               ____________________________

for utstillar                                                        for arrangør

Side 2 av 2

  • 1
  • 2
Trebåtfestival og Handverksmesse i Norheimsund Finding your local time... Time's Up

Trebåtfestival

Kopirett © 2025 Handverksmessa i Norheimsund. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU General Public License.